top of page

Informasjon om pris

Det å ta førerkort har blitt dyrare i sammenheng med alt anna som har blitt dyrare dei siste åra. Me vil prøva å forklara litt om prisar her slik at ein forstår litt om kostnadane med førerkort.

Vegvesen - Nye regler

I 2025 innførte Vegvesenet etterutdanning og re-godkjenning for alle Trafikklærera i Norge. Dette vil føra til økte kostnadar for trafikkskulane, som igjen vil påvirka prisen for kjøretimar.

 

"Er det dyrare å ta førerkort i Norheimsund enn i Bergen?"

Om ein sammenligner totalkostanden opp i mot å ta det i Bergen så er svaret ja. Grunnen er enkel, når ein tar opplæringa i Norheimsund så må me på bykjøring på Trinn 3 i opplæringa for å øve på dei tingene me ikkje har i Norheimsund for å nå målene på Trinn 3. Tar ein opplæringa i Bergen så har ein automatisk tilgang på dei momenta i nærheten. Så me er dårlig geografisk plassert i forhold til nokre av dei delane ein skal gjennom i opplæringa. Ein må til Bergen på Bykjøring og me må til Voss for å kunne gjennomføre Sikkerhetskurs på bane. Me får litt ekstra reiseveg og det påvirkar totalkostnaden. Grovt rekna så kan dette utgjera ca 9000kr. 

 

​

Eksempler på pris

Under har me satt opp nokon eksempel på kva prisen KAN bli. Alle elevar er forskjellige så det er vanskelig å kunne sei kva prisen blir på forhånd. Det ein kan sei med sikkerhet er at om ein øvelseskjører mykje og øver på det ein syns er vanskelig så blir det billigare. Eksemplene er uten Trafikalt Grunnkurs og Trafikant i mørket.

​

​Eksempel:

Ein elev som har øvelseskjørt mykje heime og får øvd mellom kjøretimane. Klarer å bruke teori i praksis. 

  • 10 til 20 Kjøretimer

  • Trinnvurderinger

  • Forbikjøring

  • Bykjøring

  • Sikkerhetskurs på bane​​​​

  • Trinn 4

  • Leige av bil til Førerprøve

​

          40 000 til 50 000kr

Eksempel:

Ein elev som øvelseskjører sjelden. Må bruka kjøretimer for å øva, og for å få nok mengdetrening.

  • 20 til 30 Kjøretimer

  • Trinnvurderinger

  • Forbikjøring

  • Bykjøring

  • Sikkerhetskurs på bane​​​​

  • Trinn 4

  • Leige av bil til Førerprøve

​

         50 000 til 60 000kr

Eksempel:

Ein elev som kanskje ikkje har mulighet til å øvelseskjøra privat. Må ha all øving i kjøretimer, og for å få nok mengdetrening. 

  • 40+ Kjøretimer

  • Trinnvurderinger

  • Forbikjøring

  • Bykjøring

  • Sikkerhetskurs på bane​​​​

  • Trinn 4

  • Leige av bil til Førerprøve​

 

​          60 000kr +

BESØKSADRESSE:

Org nr 918 964 223

Kvam Trafikkskule 

Sandvenvegen 23,

5600 Norheimsund,

Norway

56 55 21 50

©2017 by Kvam Trafikkskule. Proudly created with Wix.com

POSTADRESSE:

Kvam Trafikkskule

v/ Ole Gunnar Sekse

Nedre vik 36

5610 Øystese

Norway

bottom of page